4. mars 2007

Eg ser

"Om nettene medan eg søv skjer mange rare ting i huset"

Eg ser konservert hundeskit når snøen smeltar.
Eg ser faklar utanfor kinoen.
Eg ser isflak i fontena.
Eg ser bilete på kvite veggar.

Fem bilete.
1. Ei ung kvinne sit ved eit kjøkenbord.
Ho held eit kort oppå eit tomt glas. Utanfor vindauga står slanke trestammer tett i tett. Turkise pinnestolar.
2. Den same kvinna sit på ei seng i eit rom der tre enkeltsenger står tett inntil kvarandre. Mellom to av dei eit grønt, gammalt nattbord. På veggen fleire postkort med ikonmotiv. Håret hennar heng laust, skite.
3. Kvinna sit i eit tomt klasserom med blåmalte gammaldagse pultar. Ho ser vekk.
4. Ho står bak tynne, gjennomskinlege blafrande gardiner i eit hotellrom med blått vegg-til-vegg-teppe.
5. Kvinna skriv setningar på ei mørkegrøn tavle, ho står med ryggen til.

Eg ser gule lyspærer opphengt på eit stillas.
Eg ser dei nakne trekronene mot skymingshimmelen.
Eg ser ein sko og ei gul plastkanne på straumledninga.
Eg ser ein grøn mann.

Eg går fort. Ei stemme på nordnorsk: "Vet du nummeret til Oslo Politikammer? ... Hallo!?" Mannen byrjar å blinke. Eg legg på sprang.

Eg ser skalet av ein appelsinbåt i baktrappa,
brent hol i med ein sigarett.

Ingen kommentarer: