9. mars 2007

Det går framover

Ivan Iljitsj´ død
Kanskje ikkje med våringa, men med lesinga, om ikkje anna.

I dag las eg ferdig Reisa til Maria av Erna Osland.
I forgårs las eg ferdig Armand V.
Emma har eg sett tilbake i hylla i påvente av betre tider.
Og eg har berre femti sider igjen av Prosessen.

No ligg det tre bøker igjen på nattbordet:
Den evige Prosessen (der altså femti sider gjenstår)
Å smyge forbi en øks av Beate Grimsrud (der eg kun har lese femti sider)
og
Rock Springs, noveller av Richard Ford (som eg er komen halvvegs i)

Kandidatar til ny veskebok:
Sult av Knut Hamsun
The Blue Castle av Lucy Maud Montgomery (skaparen av mi kjære Anne fra Bjørkely)
Ivan Iljitsj´ død av Lev Tolstoj
Lost in a good book av Jasper Fforde
Spiraler av Dag Solstad

Kandidatar til neste nattbordbok:
Lost in a good book av Jasper Fforde
Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen
Til jeg finner deg av John Irving
Q av Luther Blissett

4 kommentarer:

kristine sa...

Jeg synes Lost in a Good Book er snarere i veskebok-kategorien enn nattbordbok-kategorien. I tillegg til størrelse satser jeg også litt på tilgjengelighet i veskebøker. Må derfor si at jeg stusset litt på Ivan Iljitsj' død.

Q derimot hadde jeg tenkt å ha som veskebok, snarere enn nattbordbok. Vet ikke hvor "lett" eller "tung" den er. Min utgave er kanskje litt større enn standard veskebok, men veska mi klarer å romme det meste.

God bok!

Aina sa...

Eg er med på resonnementet ditt vedr. tilgjengelegheit. Det er absolutt eit poeng. Men for meg er det viktigaste at boka er tynn og ikkje veg så mykje, og Ivan Iljitsj´ død er kun på 149 sider.

Q kan nok vere ei god veskebok for storveskeberarar, dersom du har god nok tid til å lese på veg til og frå jobben, men det er ein middels tung historisk roman, synest eg å hugse. Eg har ikkje så lang reiseveg og er i tillegg bilsjuk når det er lenge sidan eg sist åt (som på veg heim frå jobb), så eg får kun lese 15 minutt kvar dag, toppen 20, i veskeboka. Det er difor eg blir usikker på eg kan bli tilfredsstilt av Lost in a good book som veskebok.

Eit alternativ er så klart å ha kun ei bok, som både er nattbordbok og veskebok og som eg dermed får lese raskare ut, men det er vel heller usannsynleg at eg skal klare å begrense meg såpass.

Aina sa...

Revidert leseliste:

Nattbordskandidatar:
"Den mørke materien" av Phillip Pullman
"Løvekvinnen" av E.F.Hansen
"Til jeg finner deg" av John Irving

Veskekandidat:
"Sult" av Knut Hamsun

Aina sa...

Enn så lenge er eg sterk. I går motstod eg å byrje og lese "Den mørke materien". Eg las i staden ferdig ei lang novelle av Richard Ford (han har svært gode skildringar og observasjonar) og eg har "Å smyge forbi en øks" som veskebok. Detta går som smurt.