8. mars 2007

Skrømta til Goya

Høyrt på Gimle:
Middelaldrande dame, tydeleg stolt av seg sjølv: "Vi skal se den nye Milos Forman-filmen, vi!"
Anna middelaldrande dame, noko forvirra: "Åja, jeg trodde de viste Goya´s Ghosts, jeg."

I går deltok eg på Gimle filmfest saman med ein venn av meg.

Vi gjekk for å sjå den siste Milos Forman-filmen, Goya´s Ghosts. Handlinga er lagt til 1792 og omfattar både malaren Francisco Goya, den spanske inkvisisjonen, Napoleon og hans hær, ei vakker ung kvinne og ein munk med maktbegjær og eit svikefullt hjarte.

Før filmen var det flamenco i foajeen, deretter fekk vi med oss kvart vårt glas raudvin og tusla inn i salen, der filmen byrja relativt presis utan reklame først. Luksus på Gimle, altså.

Eg likte filmen godt, og vil anbefale den, men sakna ei tydeleg historie, med vekt på ei. For kva handla filmen eigentleg om? Om Goya? Om den vakre unge kvinna? Om revolusjonen, om inkvisisjonen eller om munken med det svikefulle hjartet? Eller handla han om Goya og den unge kvinna og munken med det svikefulle hjartet? Eg trur kanskje det.

Dette diskuterar eg gjerne om fleire skulle kjenne seg kalla til å sjå filmen.

Ingen kommentarer: