12. mars 2007

Kyss

I går besøkte eg og ei venninne Munchmuseet på Tøyen.
For meg var det aller første gongen der, og eg syns det var svært interessant å følgje utviklinga til kunstnaren og å sjå fleire motiv enn eg før har sett.

Mine favorittmotiv er Madonna, Kyss og Vampyr.
Eg er også glad i Livsfrisen og dei bileta som spelar på same tema, samt Solen, som jo er heilt nydeleg.

Ei merkeleg oppleving var det derimot då bananen min blei beslaglagt i sikkerheitskontrollen.

"Har du ein banan i veska", spurte kontrolløren blidt.
"Ja, eg har nok det", måtte eg innrømme, noko beskjemma.

Eg fekk hentelapp og kunne plukke den opp etter besøket.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du er jo en stor "klæsje-pøbel" det vet jo alle. Bedre å være føre var, det skjønner jeg jo.

Aina Basso sa...

Ja, det er sant. Kunne blitt nokre riktig stygge klæsjar på billedrammene om eg hadde fått sluppe inn med ein banan! Hahahahahahahahahaha!

Men den gong ei.