22. mars 2007

Bokklubben og eg

Bokklubben på nett har ei eiga side med tilbod for sine beste kundar. Sida heiter supergod, og eg er (ikkje overraskande) ei av dei bokklubben har vald ut som supergod kunde.

Hadde det vore ein kva som helst slags anna butikk, ville eg nok skjemtes i langt større grad over shoppingbehovet mitt, men det er noko anna med litteratur. Like fullt: Beløpet eg legg igjen hos bokklubben kvart år, og produkta som fyller bokhyller og vindaugskarmar heime hos meg til bulepunktet, er på ingen måte uanselig.

Men er forskjellen eigentleg så veldig stor på å få tilfredsstilt shoppingsuget på nettbokhandelen eller i Hennes & Mauritz-butikken på Oslo City? Bøkene kunne eg jo like gjerne lånt på biblioteket, dei fleste av dei, - eg treng dei jo ikkje; mange hadde eg ikkje trengt å kjøpe akkurat no, eg kunne like gjerne venta - ofte står dei i bokhylla i månader før det blir deira tur til å lesast. Og eg kan jo ikkje kle meg i dei; bøker varmar ikkje (så lenge du ikkje brenn dei), og kva er vitsen med å eige all denne litteraturen? Er det min måte å prange meg på?

Eg vil ikkje seie eg er stolt av å vere supergod kunde.
Men det er no kjekt å få ein Agatha Christie-film til 39 kroner, då. Eg må innrømme det.

1 kommentar:

Aina Basso sa...

Då eg kom igjen frå ferie i går, låg det forresten ein pakke til meg frå bokklubben. Supergod, stod det på den. Det var to gratis notisbøker eg ikkje kan hugse å ha bestilt. Det gjer kanskje på seg på sikt.