19. mars 2007

Litt(erær) entusiasme

Som mine trufaste lesarar veit, er eg ei lesehoppe av det glupske slaget.

Eg kan no stolt erklære at eg har kun ei veskebok (før omtalte Beate Grimsrud Å smyge forbi en øks) og kun to (eller eigentleg fire, men dette er eit skjønnsspørsmål) nattbordsbøker, nemleg den evige Kafka og nyervervinga Den mørke materien av Phillip Pullman, ein trilogi i fantasi/ eventyr-sjangeren, eigentleg for barn, men komplisert nok og på eit høgt nok nivå både språkleg og innhaldsmessig til at den også fengar større barn, som meg sjølv, og mi venninne K, som anbefalte meg den.

Eg har no lese fire-fem kapittel i bok ein, Det gylne kompasset, og er fullstendig hekta.
Dette er altså å betrakte som
1. uttrykk for litterær entusiasme i ein grå kvardag mellom vinter og vår
2. ei ny bokanbefaling

Dersom du er heldig, finn du den på siste rest av mammutsalet for 79 kr, utan moms.

Ingen kommentarer: