1. januar 2007

Den første dagen

i eit nytt år.

Eg er trøytt etter nyttårsfesten, sliten i sjølve augeloka - det blei seint, som det alltid blir natt til første januar.

Så er det nye året her, altså. Eg merkar ikkje stor forskjell.
På den positive sida kan noterast at det går mot lysare tider, at det er eit nytt år med nye mulegheiter og alt det der.
På den negative sida blir vi berre eldre (ikkje at alderen tyngar særleg enno, men) og eg trur ikkje noko på dette året. Trur ikkje på at det skal bli særleg annleis enn det eg nett forlet, iallfall.

Eg går inn i det nye året med forsett om å fortsette i same tralten, bli litt sunnare og foreta endå nokre karrierefremjande tiltak. Og bøkene eg les er Vindens skygge (ikkje særleg imponerande hittil - ganske keisam, faktisk), Bare mjuke pakker under treet (okei novellesamling av Kongsvingers store son) og den evige Kafka (som eg strengt tatt ikkje les, men har liggande).

Andre titlar eg vil ta fatt på:
Kafka på stranden
Den guddommelige komedie
Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman
Q
Baudolino
Til jeg finner deg
The Eyre Affair

og, som ventar på biblioteket;
Mannen som døde som en laks

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg møter det nye året med glede. 2007 blir bra! Jeg vil lese, og skrive. En artikkeltekst som ligger i hodet tror jeg at jeg må få ned på papir i løpet av uken.

Merker meg også at "Kafka på stranden" og "Baudolino" er på leselisten din. Jeg elsker begge. "Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman" er jeg litt usikker på. Jeg er snart ferdig med å lese den, og vet ennå ikke helt hva jeg syns. Men det kommer jeg tilbake til ved en senere anledning. Men jeg anser den som verd å lese. Du har også "Den guddommelige komedie" på listen din, noe som minner meg på at den burde jeg også lest. Den står på min litterære dårlige samvittighet-liste.

Godt nytt år!

Aina Basso sa...

Det gledar meg med slik flott optimisme! Forset slik, så smittar det nok over på meg også, skal du sjå :)

Artiklar blir det nok fleire av for min del også, så lenge eg berre får fullført den første, tunge. Det skal gjerast i løpet av den neste månaden og inngår i det eg kallar "karrierefremjande tiltak". På lesesida har eg endå fleire titlar også, men alle får ein ikkje plass til på ein gong. Spennande å høyre at du les "Armand V." Sjølv har eg kost meg med "Arild Asnes, 1970", som du nok har fått med deg, og skal no i gong med to lette titlar som ventar på biblioteket. Blir fint det også.

Godt nytt år til deg også! Godt nytt lese- og skriveår, får eg vel seie!