ja, månader endåtil,
med hjernedaud surfing på
internettabloidar,
gjekk det som eit sukk i meg,
då eg endeleg tok fatt på Morgenbladet
og Klassekampen
igjen i dag.
Etter å ha lese ein artikkel om Jon Elster
og ei herleg krass og arrogant bokmelding i Morgenbladet,
var det som å endeleg kunne puste igjen
etter dårleg luft i lengre tid.
7 kommentarer:
Var dette innlegget også et hint til meg? ;)
Ja, Golla. ALT eg skriv på denne bloggen er eigentleg eit hint til deg. Og då meinar eg ALT.
Jeg liker Jon Elsters akademiske arroganse. Mindre høflighet overfor andre akademikere. Mener man noe er dårlig, så mener man noe er dårlig.
Og jeg liker det han sier om å ikke måtte lese alt. En må ha regler for hva en vil lese og ikke, "men trenger ikke tømme glasset for å finne ut om melken er sur."
Ja, eg tenkte meg du ville like det. I den samanheng har eg lese ein god artikkel i Dag og Tid som påpeikar tilfelle der Elster sin arroganse har vore skot i blinde.
Arroganse er forøvrig ein uting, både sosialt og fagleg. Det må vere muleg å vere konstruktivt ueinige med nokon utan å verken slikke dei oppetter baksida eller blaffe dei ned med maskingevær.
Det må også vere muleg å utvise ein smule respekt og audmjukheit kva gjeld andre sine preferansar og meiningar om ting, og avogtil la andre ting telle som viktig enn kva ein sjølv skulle meine om dette og hint.
No har eg forresten byrja abonnere på Dag og Tid.
Lurer på om jeg skal begynne å abonnere på Morgenbladet! Må skjerpe oppmerksomheten på noe som gir noe tilbake... for meg funker P2 og Morgenbladet :) Dag og Tid kjenner jeg ikke til, burde jeg det?
Legg inn en kommentar