den kortaste dagen i året.
Dagen er dekt av tåke og rimfrost. Ei tjukk kulde; kalde partiklar i lufta; fontena på Nationaltheatret som bruser, dei runde lyskuplane på lyktene rundt; hylla i ein kald dis.
Kanskje kom tåka rullande innover fjorden. Kanskje kraup ho nedover åsane.
Iallfall ligg ho og driv over bakken. Slørar til all verda. Dryp nedover den kortaste dagen.
Månen er eit bleikt himmelhol i skyane.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar