22. desember 2006

"2007 blir ditt år",

var det ein som skreiv til meg.

Mitt år, tenkte eg. Det hadde vore noko. Eit år der alt lagast for meg, som bestemor plar seie . Eit år der alle ting går seg til, der alt som skjer skjer til det betre. Der draumar blir oppfylte.

I same augneblink som eg las det, slo det meg at eg ikkje har tenkt slik om 2007. For ein gongs skuld har eg knapt tenkt, knapt laga meg forsett eller ønsker eller forhåpningar til det komande året.

Eg er blitt ein del av den store gråskapen, og er lykkeleg med den. Livet består jo helst av kvardagar. Eg ser på 2007 som eit "fortset i same tralten"-år, ikkje som eit år der Dei Store Måla skal nås.

Men der er framleis små draumehol i det grå. Hol eg kan legge auget heilt inntil og kike; hol som gløttar til ei muleg framtid som gir sommarfuglar i magen.

Men ikkje neste år.
Ikkje enno.

5 kommentarer:

gollowitz sa...

Spent nå? Rett før vi møter 2007, ditt år.

Aina sa...

Om eg er spent?
Nei. Ikkje spent.

Forventingsfull?
Nei, ikkje det eingong.

Eg trur det blir eit godt år. Men eg trur det blir roleg. Og ikkje fullt av fyrverkeri.

Aina sa...

Kjære 2007.

Eg veit vi ikkje kjenner kvarandre særleg godt enno, du er nyfødd og veit ikkje heilt kva retning du vil ta.

Eg vil berre seie velkomen til oss! Og vil du bli mitt år, så er det fritt fram. Eg er klar for det meste.

Mvh
Aina

Aina sa...

PS. Vi kunne jo gått på kafé ein dag? Blitt litt betre kjent? Eg er stort sett ledig på kveldstid, og forsikrar deg om at du ikkje angre om du skulle bestemme deg for å bli mi! (Men det seier dei vel alle)

Aina sa...

17.10.2007:
Året byrjar å bli mitt: Samlaget antar manuset mitt. Det blir haustbok 2008.