20. november 2006

To ting på vegen heim

Det skjer ting heile tida, også på veg heim frå jobb, når ein er trøytt og sliten.
Nokre av desse tinga er ganske morosame:

1. Ved sidan av meg på trikken kjem ein ung mann og set seg. Han er lav, har langt, småkrølla, blondt hår, han høyrer på skikkeleg dårleg heavymusikk (eg kan høyre dei elendige gitarsoloane gjennom øyrepluggane hans) og, det som er morosamt her, han ser seriøst ut som ein Larsonfigur: Bittesmå auge og gigantisk nase, eit fult blikk.

2. Eg går mot inngangsdøra. To jenter står og røyker, eg ser på ho eine når eg går forbi, og så bjeffar ho til meg! Det er iallfall det eg trur med det same. Men det viser seg at ho berre har ein liten Frognerhund i armane.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Frognerhund, er det en slik hund i pocketutgave?

Aina Basso sa...

ja, du kan godt seie det slik. ein slik som får plass i handa di, som du nesten ikkje ser, som passar i ei fyrstikkeske