5. desember 2006

Juleferielektyre

Det nærmar seg jul, som sagt, og noko av det eg ser aller mest fram til er lesinga.
Eg har allereie bestemt meg for kva juleferielektyren min skal vere. Eg ser fram til å lese omigjen ei bok eg knapt hugsar, men som var ein stor favoritt då eg var yngre.

Dei fleste har vel høyrt om Anne fra Bjørkely, nokre har kanskje sett serien då den gjekk på barne-tv, andre har kanskje endåtil lese bøkene. Eg eig både bøkene og serien. Men det er ikkje Anne fra Bjørkely som er min juleferielektyre i år, det er derimot ei trilogi av same forfattar, Lucy Maud Montgomery, nemleg Emily på Månegården, tre bøker eg ikkje har lese på så lenge eg kan hugse, i motsetnad til dei meir populære bøkene om "Anne with an E".

Eg gler meg allereie. Det kriblar litt i magen når eg tenker på den raude trebindsboka om Emily. Eg skal ikkje ta med nokre andre bøker i år, trur eg, det må i så fall berre vere noko lett eg kan lese på flyet. Men eg trur ikkje det. Eg trur eg heller skal lese eit blad. Så skal eg eigne meg fullstendig til Emily på Månegården og alle dei krumspringa eg er sikker på at ho kjem til å finne på.

Ingen kommentarer: