15. november 2006

Arild Asnes, 1970

Eg prøvde å lese Solstad første gong på vidaregåande; Professor Andersens natt.

Historia fascinerte meg, historia om korleis denne einsame professoren i ly av si nattmørke leilegheit observerar eit tilsynelatande drap innanfor eitt av vindauga i bygarden tvers over gata. Men så kom refleksjonspartiet. Gud, som eg keia meg gjennom refleksjonspartiet; eit stort midtparti der professoren vandra rundt i minna og tenkte inngåande på både det eine og det andre. Eg, som syttenåring, var jo ikkje interessert, eller kapabel til å ta inn, filosoferinga til ein vaksen professor. Eg ville vite kva som skjedde med det mulege mordet, eg. Det var der mi interesse låg.

Ti år seinare er Dag Solstad min absolutte yndlingsforfattar. Eg har tenkt å lese rubbel og bit av hans skjønnlitterære produksjon, og er no i gong med mi fjerde bok (Professor Andersens natt, Ellevte roman, bok atten, Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land), nemleg Arild Asnes, 1970.

På bussen i dag, eg er no komen til side 37 i boka på relativt kort lesetid, fekk eg to tankar eg må forfølgje vidare her i bloggen:

a) Sitatet frå side 35: "Arild Asnes´ språk var spy og var derfor ikke språk, men spy." Arild Asnes´ språk er ein berar av kapitalismen, difor får språket Arild Asnes til å spy.

b) At ideen om "den intellektuelle arbeidarklassa" iallfall i Noreg i 2006 må vere kun ein idé - dei intellektuelle har ingen grunn til bli verande i arbeidarklassa.

Neste bok ut, og siste uleste Solstad gjenståande i hylla etter denne: Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman. Eg gler meg. Allereie.

Ingen kommentarer: