12. november 2006

Ibsens ripsbusker og andre buskvekster

Visste du at Ibsen var svært liten av vekst?

Faktisk var han berre ein centimeter høgare enn meg, og det seier litt, for eg er 1,60 på strømpelesten, og som dei fleste veit er ikkje det spesielt høgt!
Henrik Ibsen var altså ein liten mann, og då han også var ein forfengeleg mann, gjorde han sitt beste for å forsøke å auke høgda ved optisk illusjon og andre hjelpemiddel. Han brukte til dømes spesiallagde sko med høge hælar, akkurat sånn som The Artist Formerly Known As Prince, han hadde høgt hår eller, når han var ute og spaserte, flosshatt.

Sidan det i år er hundre år sidan Henrik Ibsen døydde i si eiga seng 78 år gammal, har eg funne ut at også eg skal lære litt meir om denne store diktaren, eller "skaparen av det moderne drama", som han også vert kalla. Så i dag har eg vore i Ibsenmuseet som ei opplading til Gengangere, som eg skal sjå på Nationaltheatret førstkomande tirsdag.

Eg har lært mykje om Ibsen i dag. Eg har lært at han var eit rutinemenneske, som i skriveperiodar vart vekt av tenestejenta kvar dag klokka 07 med havresuppe på senga, at han deretter spaserte frå si leilegheit i Arbiens gate 1 nedover Drammensveien, ut til Skillebekk og tilbake, før han klokka 09 innfant seg i sitt romslege kontor for å skrive. Han skreiv deretter til klokka vart presis 11.30, då han forlot alt, om så midt i ei setning, for å innfinne seg på Grand Café klokka 12, der han sat åleine ved sitt stambord, på stolen der namnet hans var inngravert i ei metallplate, og inntok ein dram og eit glas spesialimportert tysk øl. Kvar dag.

Eg har også lært at sjølv om han hadde ei svært oppvakt og belest hustru, som han oppskatta svært høgt, hadde han sansen for unge damer, og at hans siste ord var "Tvert imot!", noko som viste til sjukesøstra sitt utsegn om at han såg ut til å vere betre, dagen før han forlot denne verda ein gong for alle.

Eg gler meg til å sjå Gengangere på tirsdag, spesielt no som eg har lært litt meir om denne vesle, store diktaren som var Kristianias største turistattraksjon dei siste åra i sitt liv.

Ingen kommentarer: