om å ha mange sider
1. Biblioteket: Eg leverar inn tre filmar, låner ein ny, "Alice in Wonderland" og hentar ei bestilling. Den mannlege bibliotekaren trekk på smilebandet då han ser filmen eg har reservert og spør: "Er det denne?" i tydeleg vantru. Eg nikkar: "Ja", seier eg, "mm". Han gir meg "This is Spinal Tap".
om å sjå feil
2. Trikkestoppet: Først kjem ei due, så kjem ei kvinne. I eit lite sekund trur eg kvinna har dua i band. Det er så mange småkryp i band på vestkanten om dagen.
om feiltolkingar
3. På trikken: Eg sit og kikar ut av vindauget. Eg kjem på ord eg no skjønar den fulle tydinga av, men som eg før har misforstått litt.
Døme på slike ord i feiltolka versjon:
våpens-tilstand
frelse-sarmeen
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
For en del gutter vil nok dette bli vanskelig og uomgripelig, men for noen av oss er dette spennende, utfordrende og berikende :o)
Kvifor vanskeleg for nokre, då?
kanskje mest fordi du virker litt komplisert, litt for kompleks for mange gutter. Gutter er ikke nødvendgivis så kompliserte som mange jenter hevder. Er nok ofte mer de jentene som "gjør" disse så konpliserte- uten at "ofrene" skjnner det. Men er jo viktig å samtidig få fram kompleksiteten som vises ved at en anerkjenner sannheten om at korrekt generalisering av jenter og gutter er umulig.
men eg trur då heller ikkje at gutar er verken meir eller mindre kompliserte enn jenter. eg trur ikkje det handlar om kjønn. eg trur det handlar om kva slags type menneske du er, kva slags kunnskap di sit inne med, kor talenta dine ligg og kor interessene dine er. så er vel berre dine interesser litt meir samanfallande med mine. eg trur også argumentasjonen din kunne bli brukt mot ein del jenter.
hm, jo, du har nok rett i noe. Men jeg syns å se at det er en del gjennomgående forskjeller på jenter og gutter- uten at det egentlig går an å generalisere så enkelt. De fleste kjønnsforskninger (litt upålitelig påstand, da det er lite sannsynlig at jeg har lest alle) viser at det er grunnleggende forskjeller på de to kjønnene. Men så har man også det der med arv og miljø også. Det hele blir jo da ganske komplekst. Selv er jeg mest interessert i mennesker, uavhengig av kjønn. Spennende å se hvor forkjellige vi er, men likevel hvordan det faktisk går å bruke "kategoriseringsverktøy" som kommer fra bl.a. Karl Jung (Jung's Typology test) for å lære å forstå litt mer om kommunikasjon mellom mennesker. Hvordan andre tenker, for å kunne forstå dem, og kommunisere med dem. Dette er utrolig spennende og berikende. hm... er kommentarer som skal skrives her, ikke avhandlinger. Unnskyld! :o)
Eg vil heller seie at kjønnsforskinga er delt i tre hovudkategoriar: Dei som meinar kjønn er basert på arv og dermed biologisk, dei som meinar det utelukkande er basert på miljø og altså sosialt (jf. Simone de Beauvoir) og dei som meinar det er ei lett blanding av begge delar. Sjølv ser eg at der er ein del hormonar som styrer oss til visse tider, men samtidig blir eg meir forvirra dess fleire menneske av begge kjønn eg lærer å kjenne, der det viser seg at alle mine for-dommar til korleis menneska er basert på kategoriseringar over biologisk og sosialt kjønn, viser seg å ikkje stemme.
Legg inn en kommentar