5. september 2006

Rare assosiasjonar

Har du nokon gong assosiasjonar som dukkar opp kvar gong du gjer ein spesiell ting, men som du ikkje klarer å identifisere kvifor kjem? Det har eg.

Av ein eller annan grunn kjem eg alltid til å tenke på ein krimroman når eg spelar Free Cell på pc´en, og det er alltid det same tankebiletet som kjem, om ein kan kalle det det: Ei blanding av slik eg ser for meg at det ser ut heime hos Kay Scarpetta (Patricia Cornwell) og ein spesifikk roman av Minette Walters der handlinga er lagt til ein havneby.

Ein annan rar ting er at eg framleis, etter eit år i jobben, byrjar å nynne på "Kva-kvarakk-kvakk-kva" når eg kjem ut av kantina eller går i gangen mellom kontoret og kantina. Eg trur eg fekk den på hjerna på grunn av ei Lano-reklame dei sendte i fjor (Gakk-gakk for liten og Gakk-gakk for stor), men anar ikkje kvifor den framleis kjem nett der.

Er det nokon som har innsikt i desse tinga og som kunne tenke seg å opplyse meg litt?

2 kommentarer:

Kerope sa...

For meg representerer Andungen Kvakkvakk noe positivt fra min barndom. I utgangspunktet enkel hverdagslig situasjonsdrama, framført med imponerende origami.
Kan vel ikke godt påstå jeg forstår årsaken til destinasjonen for din assosiasjon, men kan kanskje i hvert fall ha blitt forsterket da du begynte å tenke på at dette er noe spesielt, og at det kommer hver gang. Kanskje det kan hjelpe å prøve å godkjenne at det kommer, og dermed slappe litt mer av ved passering av de spesielle stedene.

Du har ikke prøvd å tenke deg igjennom hele krimromanen, og dermed fått en slutt?

Ellers kan det jo, for alt jeg vet, til og med være at du ikke er spesielt interessert i å bli kvitt assosiasjonene...

Aina Basso sa...

Nei, eg treng ikkje å bli kvitt dei, dei er jo ganske hyggelege og morosame eigentleg, eg lurer berre på kvifor dei kjem :) Spesielt dette krimroman-greiene. Veldig rart. Det er jo ikkje som om eg har prestert å lese krim samtidig som eg har spelt Free Cell. God simultankapasitet? Ja. Men så god? Neppe.