23. august 2006

av og til berre skrive

det heile byrjar med at eg har lyst til å skrive eit innlegg i bloggen, men ikkje veit kva eg skal skrive om.
der er så mange ting.
arbeid, fritid, kjærleik, sorger, gleder... alle desse tinga.
eg klarer ikkje bestemme meg. det eg har mest lyst å skrive om vil eg ikkje offentleggjere. det eg har størst trong til å seie.
eg sparer det til dei blanke sidene i ei bok.
for av og til vil eg berre skrive. same kva. berre for å skrive. for å sjå ord dannast på papiret eller skjermen. sjå setningar fødest. sjå dei ende.
så blir kanskje dette innlegget ganske enkelt om dette; av og til berre skrive.
ikkje noko bodskap. berre ord. berre setningar og teikn og mellomromma mellom dei.
å skrive for den pure gleda av det.
utan å ha noko spesielt å seie.

2 kommentarer:

Kerope sa...

ahhh, for en befrielse, ikke?! :o)

Aina Basso sa...

jau. absolutt :)