31. juli 2006

Litterær krise

Eg har tre bøker på nattbordet.

Dette er ikkje noko eksepsjonelt i seg sjølv, faktum er at eg som oftast har nettopp tre bøker på nattbordet. Idealet mitt er å ha kun to. To er perfekt. Ei lettlest og ei tung, ei som passar i veska og ei som kan ligge heime ved senga.
Men no har eg altså tre.
Problemet no er at eg har tre bøker og eigentleg ikkje har lyst til å lese nokon av dei. Og å oppgradere antalet til fire for å få ei leselystbetont bok er eit dilemma. For tenk viss eg ikkje likar den heller, og dermed får fire bøker som berre blir liggande på nattbordet?

Den eine er ein stor klassikar. Kafkas "Prosessen". Eg har bestemt meg for å bli den einaste i venninneflokken som faktisk har lest den frå perm til perm. Eg må altså lese den. Eg har innfunne meg med at det vil ta ei viss tid. Så langt har eg kome til side 100 og konklusjonen er at den er lettlest, men at eg heile tida sit med ei kjensle av at Josef K. på siste side vil vakne i senga si og proklamere til si utilfredse lesarskare: "Akk, ja, så var det altså endelig bare en drøm". Dessutan er eg ikkje overbegeistra for temaet. Spennande i si samtid, men no?

Den andre er "Hundre års ensomhet" av Gabriel Garcia Marquez.
Nærast genierklært. Magisk realisme på sitt beste. Problemet er berre at eg ikkje likar magisk realisme. Eg likar det ikkje i det heile. Eg syns også der er altfor mange namn å forhalde seg til. Dei går i surr, eg klarer ikkje henge med på den urealistiske historia. Mest sannsynleg set eg den rett og slett på hylla igjen.

Den tredje er for tjukk til å ha med i veska. Johan Harstad spør: "Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?", og eg svarar: Eg veit ikkje eg, Johan, men rop ut viss du finn ut av det, då; eg syns 633 sider er litt vel lenge å lese før svaret kanskje kjem. Og kjenner eg deg rett så kjem det ikkje då heller.
Johan veit ikkje kor det blei av Buzz, og det er difor han spør. Berre spekulasjonar, alt saman. Berre retoriske spørsmål. Hadde vore fin å ha på t-bana om morgonen.

Ikkje fordi eg eigentleg treng eit konkret svar, men. Eg veit ikkje. Eg syns berre at alle bøker eg les har svakheiter. Eg heng meg opp i dei. Språket for det eine. Forma for det andre. Lengda for det tredje. Temaet for det fjerde.
Bøkene skuffar meg.
Eg vil lese bøker som får meg til å fyke i taket av begeistring!

Eg tenker på kva slags bøker eg har hatt det slik med og når:
1. Den hemmelighetsfulle hagen, 8 år
2. Anne fra Bjørkely, 11 år
3. Agatha Christie, 12 år
4. Skygge-bøkene av Maria Gripe, 14 år
5. Sangen om den røde rubin, 16 år
6. Et skilt ved korsveien, 21 år
7. Beretninger om beskyttelse, 25 år

Og no? No ventar eg på neste kick. Håper det kjem snart.

3 kommentarer:

Anonym sa...

VEL, DU BA MEG ROPE, SÅ DERFOR ROPER JEG! Du kjenner meg visst ikke rett likevel, svaret kommer nemlig på side et eller annet, jeg har dessverre glemt hvilken, men svaret er, som det gjerne er: Florida. Buzz Aldrin stakk til Florida. Så joda, jeg vet hvor han er og hvorfor han er der. Sånn. Nå er det ingen grunn til å være utafor lenger. Om du tilfeldigvis skulle kunne italiensk får du muligheten til å lese en ca. 200 sider kortere versjon av boka. Da trykkes den også i litt større format og blir da antageligvis på rundt 350 sider, mellomdistanse med andre ord. Reader´s digest. Det går, det, du har det i deg, du har kraften. Du kan klare det! Vi skal klappe deg inn til mål. mvh J. Harstad

Aina Basso sa...

Hahahahahahaha :)

Takk for oppmuntringa! Om du nokonsinne skulle kome innom her igjen og sjå dette svaret; korleis i allverda kom du over bloggen min? Er du ute på sjølvgooglingsrunde kanskje?
Og forresten: Eg er ferdig med boka, eg fekk ikkje med meg at han dro til Florida, men det er vel ein viss logikk i det, når eg tenker meg om. Dei fleste aldrande amerikanarar med litt pengar drar vel dit til slutt. Det er på ein måte deira Mekka.

maçka porno sa...


Çizgi sikiş, hentai porn ve hentai izle ile çılgınların sikişlerine doyamayacaksınız