eg tenker på strandnellikar
og på kva eg vil gjere i sommarferien
heime på øya.
Eg finn ut at eg vil gå fjøretur
og plukke kukkelurar nedmed Øygardsjøen
at eg vil gå heilt ut på Kvalneset
og sjå havstraumane møtast.
Eg vil gå fjelltur
og sykle tur på dei smale, lysegrå asfaltvegane.
Eg vil ligge inne på sofaen
når det regnar ute
og lese bøker og kike ut på havet.
Eg vil plukke blomar med Ida
klappe den svarte hunden til bror min
ha knappe samtalar med dei to eldste tantebarna
spørre korleis det er på skulen
og høyre dei svare
"Fint".
Eg vil spele halve Måneskinnssonaten på piano
og heile Til Elise
og tvinge Ida til å høyre litt Grieg
sjølv om ho ikkje likar det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar