14. mai 2006

Om å bli eit år eldre

"Då eg var 27 fekk eg min første jobb med full løn", skriv mi kjære grandtante Else i bursdagskortet i år, og mimrar tilbake til ei svunnen tid.

Bestemor spør meg på telefonen korleis det følest å vere 27, og eg kan ikkje svare henne, for eg veit ikkje heilt korleis 27 følest. Kan ein i det heile tatt seie at 27 er ein følelse?

Eg meinar bestemt å hugse at 25 var ein følelse. Ein ganske bestemt følelse, faktisk, ein følelse av at no er eg vaksen, men eg er framleis ung, og dette er kanskje den aller beste alderen å vere i.

No tenker eg at det er ganske mykje betre å vere 27 enn å vere 25, og mest sannsynleg vil 28 vere endå betre, og slik vil det kanskje fortsette heilt til den dagen ein tenker at "herregud, er eg verkeleg 82?", og det er som å vakne i ein merkeleg draum og ein forstår ikkje kor alle desse åra er blitt av, og alle desse timane og minutta, og ein tenker kanskje at livet er så langt og likevel så fort og kort, og no er det snart over, og kanskje vil ein ikkje det. Og då mimrar ein kanskje tilbake når grandniesa eller barnebarnet blir 27, og tenker at det var jo ikkje så verst det heller.

Eg har ei enkel oppfatting av livet og av det å leve.
Eg forstår at alder er noko som kjem til ein med kvart gode eller dårlege levde år, og eg håper alderen vil fortsette å kome og kome, og at eg stadig vil få oppleve nye gode eller dårlege år, forhåpentlegvis flest gode, og at eg ein dag sit gammal og krokete med snøkvitt, mjukt hår i ein sofa og ser utover havet, og fjella, slik bestemora mi gjer frå loftet sitt kvar dag, og tenker "herregud, er eg verkeleg 82?" og er glad for det og stolt av alderen og glad for livet, sjølv om det har vore litt både sånn og slik.

2 kommentarer:

Anonym sa...

fytti, hvor god du er til å skrive ned og ut dine spennende tanker...

Aina Basso sa...

Hm. Takk. Fnis.