26. april 2006

refleksvest

I dag trakk ein kollega ein refleksvest opp av ei arkivboks og spurte om eg ville ha den. Knall gul med åttitalslogoen til Postgiro på.

Ikkje nok med at det, som TV3 ganske riktig har fanga opp, er veldig spennande å arbeide med arkivsaker, ein får frynsegoder også. Hadde eg villa kunne eg også forsynt meg med to luer med norske flagg på (og logoen til Postgiro), eit raudt panneband (med logoen til Postgiro) eller eit livstids forbruk av rustne binders og gamle gule lappar med skribbel på og morkne gummistrikkar.
Kven treng lønsauke når ein har slikt å meske seg med?

Ingen kommentarer: