17. april 2006

min favorittkunstnar

I dag tok eg flyet tilbake til Oslo.

Før eg gjekk gjennom sikkerheitskontrollen, var eg innom kiosken, og blei der ståande i kø bak ein liten mann med lyseraudt hår som ville betale for Aftenposten. Han sa til ekpeditrisa: "Den kostar 20 kroner" og byrja så å snakke med ein eldre mann som stod på hans venstre side. Ekspeditrisa såg lettare forfjamsa ut. Den vesle raudhåra mannen sa til den eldre, som stod ved Lotto-maskina: "Du vet at det finst hjelp mot spillegalskap no", kor på dei begge lo. Han insisterte deretter ein gong til på at Aftenposten kosta 20 kr og la til ein tyggispakke. Ekspeditrisa sneik inn eit "den kostar berre femten", og snart var det min tur.

På flyet sat han heilt fremst, nokre rader foran meg. Han fekk hjelp til å plassere handbagasjen sin i luka over mitt sete. Eg har berre vore på ei utstilling av bileta hans, nemleg på Alnesfyret ein sommar for nokre år sidan, der han har ei skisseutstilling.
Eg likar Ørnulf Opdahl.

Ingen kommentarer: