25. mars 2006

Ein kveld på Olympen

Olympen, eller Lompa, som staden er betre kjent som, er ein av dei brunaste stadane ein kan finne i hovudstaden.
På Lompa får du billeg øl, feel-good-danskebåtband som spelar alle slags hits (Robbie Williams, Sting, Beatles, standard blueslåtar og swing), eit variert klientell (som riktignok utover kvelden blir stadig meir egalitært og består av menneske over dei femti som likar å ta seg ei øl eller to eller tre eller fire eller fem eller ... ja, kva faen; vi sluttar å telle her).

På veggane heng det store, tunge og mørke maleri (muligens også ein ekte Christian Krogh), lokalet er stort og romsleg med ein bar og eit lite dansegolv framfor ei scene i midten, og inndelt i båsar av varierande storleik samt nokre langbord oppe på eit platå, der ein også finn toaletta.
Interiøret er av brunt tre.

Ein av fordelane med Lompa tidleg på kvelden er at du finn god stemning, billeg øl og ein stad å sitte som på ingen måte har pretensar i nokon slags hipp eller trendy retning.
Ein av ulempene med å fortsette å vere på Lompa etter klokka elleve er at du, sjølv om du får urimeleg bra draget på eldre menn av alle slag uansett kor utiltrekkande du enn måtte vere (så lenge du er ung, iallfall), ikkje får vere i fred frå desse eldre mannfolka, og etter ei stund kan bli så lei av dette at du rett og slett berre må dra derifrå.
Men viss du likar å flørte og danse med eldre menn, eller eventuelt berre danse, kan staden by på fantastiske mulegheiter i form av swingdans akkompagnert av eit tomannsband av (tru det eller ei) god kvalitet.

Ingen kommentarer: