1. mars 2006

ein liten dagdraum

Av ein eller annan grunn fekk lyden av ein kollega som stengte igjen kjøleskapet på kontoret, meg til å tenke at han hadde vore bortom for å hente seg ei kald, brun pilsflaske, og deretter slengt attpå kjøleskapsdøra med ei ledig rørsle, eit spark bakut med foten idet han gjekk derifrå, kanskje.

Lyden bar med seg noko lett og ledig, noko likegyldig og tilbakelent, ein lyd av ei kald pils ein kveld når det ikkje snør ute, som no, men sola skin og dagen er på hell; det driv ein roleg larm av by inngjennom dei opne vindauga, snart tennast gatelyktene, det blir mørkt og varmt, og vi er ikkje i Noreg lenger, men i ein by lenger sør i verda, ein stor by, og min kollega(eller helst ein annan) har nettopp vore bortom kjøleskapet og henta seg ei kald pilsflaske i brunt glas med ein snart fuktig papiretikett, og han slenger igjen døra til det lave kjøleskapet med hælen.

Men eigentleg snør det. Min kollega var berre borte for å hente seg litt mat, eller noko anna liknande, vi er på jobb og det lavar tett og sidelengs ned utanfor vindauga og den norske hovudstad er atter kasta ut i trafikalt kaos.

Ingen kommentarer: