Eg sit i den store bilen til bror min og familien hans.
Vi er på veg til Moldejazz. Bror min jobbar der under festivalen.
Det er kona hans som køyrer bilen, og eg sit i baksetet saman med mi vesle niese Ida, 4 1/2, og bror hennar.
Dei sit der og pludrar og leikar med nokre små sjørøvarskip i papp dei har trykt ut av eit vedlegg til eit blad.
Eg løftar bort gardina og ser ut gjennom vindauget. Grøne marker, fjell, ein fjord.
Ida byrjar å underhalde oss med historier ho finn på undervegs.
Dei aller fleste handlar om ein legomann som tek sjølvmord på bisarre måtar.
Mellom anna ender ei av dei med at han slår seg sjølv i hovudet med ein hammer.
Ida er ei snill lita jente.
Ho er veldig glad i lego.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar