25. september 2006

Electric

Visste du at...

...ordet "trikk" opprinneleg er ein kortversjon av ordet "electric" frå Sporveiens tidlege barndom? Det var på den tida ein gjekk over frå å bruke skinnegåande sporvogner på hjul trekt av hestar, til å nytte elektrisitet som drivkraft.
Det er mykje ein lærer på jobben.

Eg høyrer for meg ein bergensar uttale ordet.
"Electric´en".

Elles trefte eg på Bjørn Hansen igjen. Han frå Urix. Eg var utanfor Deichmanske på Majorstua. Vi veksla blikk. Han lurte vel på om eg kjente han igjen. "Ho der er jo så ung", tenkte han kanskje, "det er ikkje sikkert ho ser på Urix". Det har han forsåvidt rett i. Men eg veit kven han er likevel.

Eg opplevde også to morosame ting på Frogner i dag.

Fortauet:

Først ein liten gut som hoppar rundt og seier "Du klarer ikke å ta meg, du klarer ikke å ta meg!" til ei totalt uinteressert ung dame som sit på ein stol ved eit lite bord med ein minihund på fanget og snakkar med to vennar.
Så ei eldegammal, brun, inntørka Frognerfrue med rullator, nylagt hår og ekstremt tynn beinbygnad ved eit kafébord utanfor Samson Bakeri. Ho løftar på pappkrusa, tydelegvis tømt for kaffi, og seier ut i lufta: "De begynner visst å rydde inn", då ei ung bakeritilsett jente kjem ut. Det sit ei anna eldre dame der, ganske godt i stand. Ho svarar at klokka byrjar å nærme seg fem.

Ingen kommentarer: