9. januar 2006

Hunden og eg

Når eg kjem inn porten, ser eg ein liten svart bil som er i ferd med å parkere inntil det brunbeisa gjerdet.

Utover snøen dreg lyset frå lyktene seg. Eg går mot gangvegen på sida av huset.
Inne i bilen sit ein liten kvit hund med forpotane opp mot det venstre bakvindauget. Når han ser meg, byrjar han å gjøy.

Bilføraren er ei ung kvinne med lyst hår. Ho og hunden sit i bilen, som ryggar, og når eg går nedover den vesle skråninga til hovudinngangen, lagar billyktene lange skuggar av beina mine. Svarte stolpar over snøen.

Hunden og eg er kanskje naboar.
Kanskje vil han logre når han ser meg igjen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

det trur eg eg ville gjort om eg var han... ;o)

Aina Basso sa...

og du er jo ikkje ein hund ein gong, og tenker ikkje som ein hund! eller... ?