10. august 2005

Livet Under Kastanjene

Akk ja...

Kva skal eg så berette om mitt Nye Frognerske Liv?

Skal eg fortelle at eg har erfart ein sommar under kastanjene,
eller skal eg heller skildre lydane i nabolaget?
- Skjærene som kranglar i bakgården,
ein nabo som spelar litt for høg musikk eit vindauge lenger borte,
ein annan nabo som spelar bongotromme med sin vesle son på verandaen i kveldinga.

Eller skal eg skildre det eg ser?
- Kvinna som sit på balkongen sin og røyker. Som er heime heile dagen, kun iført ei stor t-skjorte, og som går inn og ut verandadøra med ein klut i handa, som ho brukar når ho tek på handtaket.

Kanskje kan eg heller fortelle at Frogner også er ein samlingsstad for dei vanlege menneska.
- Barnefamiliene, samanstua i altfor små leilegheiter,
dei uføretrygda,
dei gamle -

og sjølvsagt alle slags A, B og C-kjendisar. Kjendisar eg snart er blitt altfor blasert til å eingong å legge merke til,

kjendisar som står på balkongar vendt ut mot bakgården min og gestikulerar i svarte draperingar,
som, tilsynelatande lykkelege, peivar champagneglas ut i natta og let latterane sine trille over kastanjetrea, flyte over dei Frognerske bygardar, og løyse seg opp i det mørke mjuket av seinsommarnetter, i eit lite land, i ein by, på ein vestkant.

Eg kan også fortelle om andre opplevingar.
- Om mi gode venninne og nabo, som tuslar under kastanjene i Bygdøy Allé, med grå tøfler på, for å besøke meg om kveldane. Om den vesle stamkaféen vår i Gabels gate, som serverar frykteleg dyr og frykteleg god kaffi, ei øl om du vil, og som har altfor pent opphengte augenstikkarar på baldakinen sin.

Eller eg kan fortelle om heilt andre ting, ting som ikkje har med Frogner å gjere i det heile, ting som kanskje ikkje eingong handlar om Oslo, men om Livet i det store og heile, eller om berre små delar av det same Livet.

Men det må nok bli ei anna historie.
Denne handla om Frogner.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Du skriver særdeles godt i dag!!

Unknown sa...

Livet har du allerede fortalt om min venn. Livet er alle de små delene som du her beskriver så godt. Som denne delen om Frogner. En fin del av Livet. Og jeg ser frem til videre fortellinger om Livet.

Anonym sa...

akk, ja...

Anonym sa...

Du kan forresten få låne djemba mi og jamme med naboen og sønnen om du vil.

Aina Basso sa...

Ah!

Det er altså djembe det heiter...