14. januar 2006

Opplevingar

Det er laurdag i dag. Det bles ein kald vind gjennom gatene, og det er sal i alle butikkane; altså kaos overalt.

Eg har våga meg ut av mitt lune rede for å treffe ein kamerat på kafé, men ettersom denne kameraten grunna omstende han ikkje kunne hjelpe for (les: gjekk på fylla i går, la seg kl. 08 og gløymte telefonen i eit anna rom) unnlet å dukke opp, tok eg meg ein liten runde på det omstendelege Oslo City før eg bega meg på heimveg.

Det skjer ein del på ein slik bytur. Iallfall dersom ein følger med.
Hovudsakleg skjer det at ein ser svært mykje ulikt folk.
Eg har sett folk frå alle verdsdelar. Folk med alle typar klede. Folk med alle typar tungemål.
Eg har også møtt ein stor del ungjenter.
Men eg må seie. Den aller mest morosame opplevinga kom på busstoppet og bussen heimover igjen.

Eg stod utanfor Nationaltheatret og venta på ein buss. Der kjem det ein høg og stor japans utsjåande mann gåande. Han har øyreproppar i øyrene og høyrer openbart på musikk av eitt eller anna slag.
Og så kjem det.
Ei slags uling frå munnen hans. Alle snur seg og ser forskrekka på han: Får han slag? Er han gal?
Så forstår vi det: Han forsøker å synge med. Han ular til musikken, men han anar ikkje at andre høyrer det.

På bussen byrjar han igjen. Eg sit på eit sete og forsøker å ikkje le.
Mannen er openbart i si eiga verd.
Han kosar seg med musikken.

2 kommentarer:

Anonym sa...

He he! artig artig

Aina Basso sa...

hehe, så bra du syns det, då :)
Han var veldig morosam!