19. januar 2017

Skrive, lese, leve

Marknaden i Zapolyarny, Russland. November 2016.
Det er januar, eit nytt år, eg arbeider med førsteutkastet til ein roman som ingen enno har lese. Snart skal eg sende det til redaktøren min. Så får vi sjå.

Eg skriv, eg les bøker. I fjor las eg 59, dei fleste var norske samtidsromanar skrivne av kvinnelege forfattarar. Det er ikkje slikt eg tenker på; at eg må lese bøker som er skrivne av kvinner, det kjem heilt naturleg, eg les det eg har mest lyst til å lese, ofte er det kvinner som har skrive bøkene, men slett ikkje alltid.

Eg har lese ein del novellesamlingar, også.
Fortset med det no i det nye året: Lucia Berlins Håndbok for vaskedamer og russiske Ljudmila Petrusjevskajas Det var en gang ei jente som la an på svogeren sin, og så hengte han seg.
Eg les også Farvel til Eddy Bellegueule av Edouard Louis, som skal vere sjølvbiografisk, men eg slit med å tru på alt som står der. Det verkar så einsidig negativt.
Når forfattaren sjølv er ein slik oppvakt og smart ung mann, kan vel ikkje alle forfedrane eller familemedlemmene hans vere heilt idiotar? 

Det er fint å lese bøker frå andre land enn Noreg, sjølv om eg ikkje alltid tek alle referansane.
Etter at eg besøkte Russland i samband med Finnmark internasjonale litteraturfestival i november i fjor, fekk eg veldig lyst til å lese russisk samtidslitteratur.
Då eg blei spurd, under arrangementet på biblioteket i Nikel, om kva som var mine favorittforfattarar; norske, internasjonale og russiske, kjendest det pinleg å svare Tolstoj og Bulgakov, som begge døydde i første del av det førre hundreåret.
(Sjå fleire bilete frå Russlandsturen her: https://www.facebook.com/forfattar/posts/397734093949487)

I fjor las eg bøker sju utanlandske forfattarar, i år er målet å lese fleire - og frå nye land eg ikkje har lese litteratur frå før. Eg vil også lese meir tysk, særleg om Berlin, sidan eg skal tilbake dit i juni.
Eg tek gjerne imot gode tips! Er det forresten nokon som har lese den nye romanen av Jenny Erpenbeck: Går, gikk, har gått (Gehen, ging, gegangen)?

Også dette året skal eg farte litt rundt for å snakke om hekser, men enno har eg nokre veker før oppdragsåret startar. Så eg stuper like godt tilbake i manuset.

Godt nytt år til alle!

3 kommentarer:

Elin fra Av en annen verden sa...

Har du lest Og hver morgen våkner jeg av Marita Hansen? Jeg leste den i november, og den traff meg rett i hjertet.

Aina Basso sa...

Nei, ikkje lese, men har lese mykje bra om den. Har du tips til gode tyske bøker, også?

Elin fra Av en annen verden sa...

Nei, jeg kan dessverre ikke tysk... :-( Hadde fransk på skolen, men det har jeg glemt nesten alt av.