25. oktober 2015

Lev vel, alle

I haust har Morgenbladet hatt ein serie med høgst ulike tekstar om einsemd, skrivne av så forskjellige skribentar som Karl Ove Knausgård, Marit Eikemo, Harald Eia, Eline Lund Fjæren og Geir Gulliksen, for å nemne nokre.

Einsemd kan vere så mangt. Ønskt eller uønskt. Sørgeleg eller lykkeleg.
Ein fin tanke, at einsemd kan vere lykkeleg. Eg kan kjenne meg igjen i det. I begge delar, både den lengtande, melankolske einsemda og den tilfredse, avslappa - den som er sjølvvalt.

Ein av haustens romanar handlar om einsemd. Ikkje den positive, sjølvvalde einsemda, men den vonde og uønskte. Einsemda som kjem til trass for at ein har andre menneske rundt seg, familie. Einsemda i å ikkje nå fram til kvarandre, eller til den ein vil vere, eller til den ein vil vere saman med.

Lev vel, alle er Hilde K. Kvalvaag si femte bok og andre roman for vaksne. Ho har tidlegare skrive prislønte bøker for både ungdom og vaksne. I 2010 fekk ho mellom anna Brageprisen for den sterke ungdomsromanen Fengsla. I 2008 las eg den første vaksenromanen hennar, Skagerrak, som eg også likte svært godt.

I haustens roman følgjer vi den vesle familien på to, åleinemora Gunhild og den halvvaksne sonen hennar Knut. Gunhild vil reise i fotefara til oldefar sin, som forlét kone og seks born i Noreg og emigrerte til Canada, utan å nokon gong kome att. I mange år sende han varme brev til familien i Noreg, som han alltid avslutta med: 'Lev vel, alle'. Men korfor kom han ikkje tilbake?

Seksten år gamle Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode, der han har vore nær ved å drepe ein gut som har teke frå han kjærasten. Han er sint og ulykkeleg. Vil ikkje vere med på den idiotiske turen, men har ingenting heime å gjere, heller. Etter det som skjedde er han blitt utstøytt av skulekameratane og mor hans håper at reisa vil få han inn på eit anna spor, gjere han godt.

Som lesar opplever eg Knut som umogeleg. Han er barnsleg, sta, eigenrådig og egoistisk. Han ser ikkje mora, det ho prøver på eller det ho heilt åleine går gjennom: blør ut eit barn som har døydd i mors liv, samstundes som ho er nær ved å miste det einaste barnet ho har. Men eit stykke ut i boka skjer det noko som endrar alt. Som gjer at Knut må stille opp, vere noko for mor si om ho skal leve. Eit sterkt punkt i romanen, som dreier alt rundt.

Boka tematiserer forholdet mellom foreldre og barn. Det umogelege, nærast uoverstigelege gapet som kan opne seg mellom to som burde vere heilt nær. Desperasjonen i kjærleiken, den tynne lina mellom kjærleik og hat i nære relasjonar og den enorme mobiliseringa i kraft og vilje som kan kome når det verkeleg trengst. 
Boka tematiserer mannsrolla i sine ulike former, i ulike aldrar og ulike posisjonar og relasjonar. 
For sjølv om eg trudde det skulle vere ei bok om Gunhild, er Lev vel, alle mest av alt ei skildring av Knut og navigasjonen hans gjennom ei svært vanskeleg tid i livet. Om mennene som ikkje strekk til. Som ikkje får det til: livet, kanskje - kjærleiken, det nære?
Det er også ei sterk skildring av det å vere mor og kvinne. Av å ønske seg nærare, ønske seg meir, å ikkje få nok av kjærleiken og livet. Ein sterk lengt gjennomsyrar heile teksten, ein desperasjon etter noko meir, at alt skal bli annleis, at ting skal bli lettare, falle på plass. At kjærleiken skal opne armane og ta deg imot. 

Lev vel, alle er ein av haustens sterke romanar som eg håper ikkje forsvinn i det store brølet bokhausten er, der nokre få titlar dominerer over dei fleste andre og forlaga vel seg ut eit par dei vil satse på, medan dei andre bøkene blir overlatne til seg sjølve, med den smale ryggen ut i bokhandelhyllene. 

4 kommentarer:

aariho sa...

Eg har nettopp lese boka og lagt inn omtale på bloggen min. Ei svært bra bok, etter mi meining. Vurderer å nominera ho til Bokbloggarprisen.

Tine sa...

Jeg har også lest denne og anser den som en av de sterkeste norske romanene jeg har lest i år. Ensomhet og stillhet appellerer til meg, så det er det alltid spennende å lese om.

Aina Basso sa...

Så fint at det er fleire som har oppdaga og lese denne boka! Håper ho når fram til mange lesarar.

Anita Ness sa...

Dette er en av de sterkeste norske romaner jeg har lest i år. Er så enig i din vurdering. Håper flere oppdager denne.:)