29. oktober 2015

De la part du diable - og prisnominasjon!

I dag fekk eg endeleg den franske utgåva av Inn i elden i handa. Elegant og vakker, forseggjort, med titlar og vignettar i art noveau-stil, og med uvant mange vokalar på sidene.

Eg har prøvd å lese litt; eg som ikkje kan anna enn litt turistfransk til nauds. Eg har lese slutten av Elen si historie, den eg alltid må gråte ein skvett av, og den delen eg kanskje kan best, nærast utanboks, langt tidlegare i boka, der Elen står på Kiberget og ser på nordlyset som bryt som bårer over himmelen; lysande, grøne band som viklar seg inn i kvarandre, som glir saman og deler seg, så store at dei omkransar heile bygda. Ho høyrer ein tone i nordlyset, ein mørk dur som dirrar gjennom natta.

Slik blir det på fransk:

L'aurore boréale jaillit comme des flots déchirant le ciel. Des bandes vertes et luminescentes se rejoignirent, glisserènt ensemble puis se divisèrent, immenses au point d'encercler tout le hameau. Il y avait une sonorité dans cette lumière du nord, un grondement assourdi qui vibrait dans l'obscurité. 

Boka kom ut i Frankrike den 14. oktober og ei dryg veke seinare fekk eg vite at ho er nominert til litteraturprisane Les Pépites i kategorien beste ungdomsbok, saman med fire andre. Vinnaren blir offentleggjort 24. november. 

Eg fekk også vite, av den franske omsetjaren Pascale Mender, at boka har hamna på den store bokhandelkjeden FNAC si «coup de coeur»-liste - ei liste over særdeles godt likte bøker.
Bra start i Frankrike, med andre ord. No er det berre å håpe på ein invitasjon!

2 kommentarer:

aariho sa...

Så utroleg bra! Dette blir spennande å følgje med på. Gratulerer så mykje!

Aina Basso sa...

Takk! Det er veldig kjekt at boka blir fanga opp så fort!