6. oktober 2015

Inn i gløymsla

Mange av oss støyter i løpet av livet på demens hos ein eller fleire av dei vi er glade i. Det er vondt i starten, å sjå fortvilinga forvirringa medfører, kor ekkelt det er å forstå at ein har byrja gløyme. Lenge kan både vi og den det gjeld bortforklare: det er vanleg å gløyme når ein blir eldre, det er vanleg å gløyme meir når ein er trøytt eller har vore utsett for påkjenningar og sjukdom. Slik er det ei stund, kanskje i mange år. Men etter kvart stig forskjellen fram mellom det å vere litt gløymsk og det å sakte og ubarmhjartig forsvinne inn i den store gløymsla, der draum og røynd blandar seg og notid og fortid er umogeleg å skilje.

Det vondaste for den pårørande er når den ein er glad i ikkje kjenner deg att lenger. Når blikket blir symjande, uforståande, forvirra. Eller når den demente endrar personlegdom og viser seg som ein heilt annan enn den ho eller han har vore for deg i alle åra før desse. Og så er gleda desto større dei gongene den demente har eit glimt av attkjenning i seg. Er slik som før og smiler når du kjem, seier: «Der kjem du!», seier: «Du liknar på meg, du!», seier kanskje namnet ditt, i sjeldne, gylne augeblikk.

Kanskje er det den personlege erfaringa som gjer at eg er blitt merksam på at det er kome mange bøker om eller med demente personar dei seinare åra (for bøker om demens har sjølvsagt kome lenge før eg byrja legge merke til det). Cathrine Knudsen snakka om å skrive om demens på Litteratursymposiet i Odda for nokre år sidan, i romanen Jeg kunne vært et menneske som kom i 2011. Martin Baldysz debuterte med romanen Vintertrang i 2013, Laila Sognnæs Østhagen gav i 2014 ut I morgen forsvinner jeg litt til og Cecilie Enger skreiv Mors gaver, inspirert av si eiga mors demens.

Ei av dei finaste skildringane av demens eg har lese er i novella til Alice Munro The Bear Came Over the Mountain frå samlinga Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage, filmatisert i vakre Away from her, om eit ektepar der kvinna blir dement og forsvinn inn i si eiga verd. 

No har eg byrja lese ei heilt anna slags bok, nemleg ein krim med ein dement person i hovudrolla; Elisabeth is Missing av Emma Healey. Korleis nøste opp i ei forsvinningssak når ein heile tida gløymer kva det er ein leiter etter og kva ein har fått vite? Når fortid blandar seg med notid, historia til den forsvunne veninna Elisabeth og den forsvunne søstera Sukey, kva har skjedd, då og no, kva spor høyrer med til kva for ei gåte?

Eg las mykje krim i yngre år, så mykje at eg blei mektig lei av oppstylta plott og stadig mindre truverdige seriemordarar, og i stor grad har slutta oppsøke sjangeren. Men då Elisabeth is Missing (Elisabeth er borte) kom ut på norsk i vår, fekk boka såpass glitrande kritikkar at eg blei nyfiken. Og sjølv om boka har krimelement er det ikkje den tradisjonelle krimforteljinga du får servert. Skildringa av demente Maud er fint og innsiktsfullt gjort og gåten rundt desse to forsvinningane dreg historia framover. Emma Healey har fått fleire litterære prisar for denne boka, som er hennar debut, og eg gler meg til å lese vidare og håper Maud klarer å finne ut kva som har skjedd.

Ingen kommentarer: