18. juli 2013

Hausten om sommaren

Havlys av Ørnulf Opdahl

Eg har ikkje vore så heldig med ferievêret. Visst er kveldane lyse, men dagane har vore mørke, med tunge regnbyer og skodde over fjorden.

Det er då ein er glad ein har bøker. Gode bøker og underhaldande bøker, bøker ein kan ligge ein stad og lese, om det er morgon eller dag, om det er kveld eller natta er komen. Det er meir som ein haustferie eg har hatt her på Sunnmøre den siste veka, men no skal det visst lysne, no skal sola kome og alt bli mykje lettare.

1 kommentar:

aariho sa...

Har samme været her på Nordmøre også! Da er det bedre å titte på Ørnulf Opdahls vakre bilder! Eller se på utespillet "Fru Guri av Edøy" i kveld. Faktisk uten regn!