30. juni 2013

Sommaren

Slike lyse kveldar, og sandstrender.
Det har stilna. Etter ein hektisk vinter og vår har sommaroa kome, eg har så vidt påbyrja mitt halvår med fulltidsskriving og har allereie krope inn i teksten igjen: som om startpistolen har gått av og eg har byrja springe, men roleg først, for bana er lang.

Denne sommaren blir ein kombinasjonssommar, ferie og skriving om kvarandre, utan struktur, sunnmørstur og osloveker. Og lesesommar. Eg har tenkt å lese ein del, tung og lett, helst ein god del, helst på ei solseng i hagen.

God sommar, eg trur han blir fin, med lyse kveldar og sandstrender, med høgt, grønt gras og fuglar.

4 kommentarer:

aariho sa...

Ja, det er tid for ferie og feriebesøk. Eg får ikkje så mykj tid til lesing da. Men eg har lese to av bøkene dine i vår, og skrive om dei på bloggen min. likar dei veldig godt, og skal anbefale til ungdomar eg kjenner. Ha ei riktig god sommar! Så ventar eg på nye bøker frå deg.

Aina Basso sa...

Takk for det og god sommar til deg også!

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Så vakkert det er - og stillheten kan "høres" helt hit! Fortsatt god sommer til deg!

Aina Basso sa...

Takk det same!