30. august 2011

Farvel, sommar

Det blei to sommarbøker i år, The Summer Without Men av Siri Hustvedt og Sommarboken av Tove Jansson, begge gåver til fødselsdagen min i mai.

Den første av bøkene las eg ut før eg tok andre del av ferien min i juli, den siste las eg ut i går kveld. Eg kom til det punktet i Sommarboken der hytta blir stengt for hausten og vinteren, det er august med bråmørke netter, akkurat slik vi har det akkurat no. Vi pakkar ned sommaren og seier velkomen til hausten, håper på nokre siste glimt av sol og varme, men kjenner det kjølige draget i lufta vide seg ut og kome oftare.

Jau, sommaren er over på så mange måtar. Som eit vemod og som ein letnad.

Og bøkene? Ja, eg fann då noko å like i begge, sjølv om ingen av dei løfta meg av bakken. Eg tenker at eg ein dag kjem til å lese meir både av Siri Hustvedt og Tove Jansson. Og tenker eg er klar for mummibøkene, snart, også.

Ingen kommentarer: