1. september 2011

Sunnmøring? Eller berre glad i tilbod?


Då bør du ta deg ein tur på bakgardssalet til Samlaget, Oktober, Spartacus, Pax, Bokvennen/ Vidarforlaget/ Transit, Humanist, Dreyer, Manifest, Omnipax, Akademisk Publisering, Pegasus og (puh) Minuskel, i Huitfeldts gate 15 i Vika i Oslo. Tusenvis av gode og veldig rimelege bøker.

Sjølv gjekk eg for så mykje eg fekk plass til i famna, med haka som grense, og kom heim med to bokposar eg gler meg til å ta fatt på. Eg har vore på salet kvart år og kjem alltid heim med masse god litteratur. Årets fangst:

Olav H. Hauge og Bodil Cappelen: ABC (ei fantastisk fin lesebok med hane utanpå)
Rune Christiansen: Krysantemum (har lenge vore nyfiken på denne forfattaren!)
Per Petterson: Jeg forbanner tidens elv (må lese meir, eg likte så godt Ut og stjæle hester)
Brit Bildøen: Litterær salong (som eg har hatt lyst til å lese sidan ho kom)
Janosch: Med tigeren og bjørnen til Panama (å, nostalgi!)
Helle Helle: Ned til hundene (eg prøver igjen)
Selma Lagerlöf: Dagbok for Selma Ottilia Lovisa Lagerlöf, Et barns memoarer og Mårbacka (etter å ha lese Dagbok... for nokre år sidan, kjende eg at eg ville ha meir)

Og endå var der mykje eg ikkje fekk med i famna. Kanskje eg må ta ein tur til i løpet av helga? Det er ope heilt til laurdag klokka 16.

4 kommentarer:

Unknown sa...

Ser bra ut, Aina. Prislapp ?

Aina Basso sa...

Totalt: 435 kr.

Aina Basso sa...

Og altså ni bøker.

linesbibliotek sa...

Bra fangst!

Jeg leste "Mårbacka" for noen år siden og gleder meg til å lese de andre to. Men jeg sparer på dem enda en stund siden det ikke kommer flere bøker fra den kanten.

"Med tigeren og bjørnen til Panama" er en av de historiene jeg husker best fra barnetv. Den må jeg bare skaffe meg!