Forfattaryrket høyrer til dei ytre sett mest keisame yrkesgruppene i verda. (...) For mange forfattarar utgjer den daglege handleturen dagens høgdepunkt.
Eg kjente meg veldig att i dette: http://www.samlaget.no/Forfattarar/R/Ingelin-Roessland/Blog/Produktiv-monotoni.aspx
Det var då livet mitt besto av den vesle bustaden på Dokken i Bergen, av yoga, frukost, skriving, yoga, middag, skriving og skriving, og handla inn for heile veka ein gong kvar fredags føremiddag, at eg levde mest i fantasien, og kanskje skreiv best.
Den produktive monotomien var ikkje flinkt. Eg valte det ikkje. Det var alt eg hadde. No, som eg er så heldig å få velge, så vel eg det å også ha eit ytre liv. ♥
Ja, kanskje skriv ein betre når ein hengir seg fullstendig til det, men eg trur ikkje eg hadde klart å velje det no. Men eg kunne jo prøve - ei veke i Oslo først, sjå korleis det er å seie nei til alt og ikkje vere saman med nokon andre enn meg sjølv. Ei utfordring. Og viss det funkar bra - reise ein stad, på ei hytte i skogen eller ei hytte i Roma, slik som Ingelin?
Forfattar og historikar, som har skrive fleire historiske romanar for ungdom og vaksne, og sakprosabøker for barn og unge. Mi åttande bok og første novellesamling for vaksne kom i september 2023 og har fått tittelen Eg rissa desse runene.
2 kommentarer:
Eg kjente meg veldig att i dette: http://www.samlaget.no/Forfattarar/R/Ingelin-Roessland/Blog/Produktiv-monotoni.aspx
Det var då livet mitt besto av den vesle bustaden på Dokken i Bergen, av yoga, frukost, skriving, yoga, middag, skriving og skriving, og handla inn for heile veka ein gong kvar fredags føremiddag, at eg levde mest i fantasien, og kanskje skreiv best.
Den produktive monotomien var ikkje flinkt. Eg valte det ikkje. Det var alt eg hadde. No, som eg er så heldig å få velge, så vel eg det å også ha eit ytre liv. ♥
Ja, kanskje skriv ein betre når ein hengir seg fullstendig til det, men eg trur ikkje eg hadde klart å velje det no. Men eg kunne jo prøve - ei veke i Oslo først, sjå korleis det er å seie nei til alt og ikkje vere saman med nokon andre enn meg sjølv. Ei utfordring. Og viss det funkar bra - reise ein stad, på ei hytte i skogen eller ei hytte i Roma, slik som Ingelin?
Legg inn en kommentar