21. januar 2011

Sanninga

Forfattaryrket høyrer til dei ytre sett mest keisame yrkesgruppene i verda. (...) For mange forfattarar utgjer den daglege handleturen dagens høgdepunkt.

- Erika Fatland, Dag og Tid, 7. januar 2011.

2 kommentarer:

*** sa...

Eg kjente meg veldig att i dette: http://www.samlaget.no/Forfattarar/R/Ingelin-Roessland/Blog/Produktiv-monotoni.aspx

Det var då livet mitt besto av den vesle bustaden på Dokken i Bergen, av yoga, frukost, skriving, yoga, middag, skriving og skriving, og handla inn for heile veka ein gong kvar fredags føremiddag, at eg levde mest i fantasien, og kanskje skreiv best.

Den produktive monotomien var ikkje flinkt. Eg valte det ikkje. Det var alt eg hadde. No, som eg er så heldig å få velge, så vel eg det å også ha eit ytre liv. ♥

Aina Basso sa...

Ja, kanskje skriv ein betre når ein hengir seg fullstendig til det, men eg trur ikkje eg hadde klart å velje det no. Men eg kunne jo prøve - ei veke i Oslo først, sjå korleis det er å seie nei til alt og ikkje vere saman med nokon andre enn meg sjølv. Ei utfordring. Og viss det funkar bra - reise ein stad, på ei hytte i skogen eller ei hytte i Roma, slik som Ingelin?