19. januar 2011

Lys

Endeleg kom sola. Skrått over snøen, inn gjennom dei støvete glasrutene. Eg set orkideen i strålen. Han har to kvite blomar no, fire store knoppar, mjuke; fire harde, små.

Det er ein av dei dagane som byrjar godt. Ein kjem seg opp, det er lyst, ein har sove godt. Det er ein dag med gode tilbod og låge skuldrer. Ein dag for å starte på dagar som skal kome. Som ein første dag.

Frå Sunnmøre kjem rapportar om at kjøtmeisa syng. Eit sikkert teikn på vår. Eg finn songen på nettet, høyrer på han. Det blir verkeleg vår, berre av å høyre den songen, berre av å høyre han på opptak. 

Eg gjer meg klar til å gå ut i lyset. Ein lesesal ventar i vest.

2 kommentarer:

Midifila sa...

Fredag kjem sola hit. Offisielt. Hurra!

Aina Basso sa...

Det må vere herleg! Til lykke!