11. juli 2010

Stilla er ein dal

Ovanfor bygda ved fjorden ligg dalen løynd. Frodig, grøn og still. Vi er åleine i han i dag. Dei få andre som bur her er på ferie, berre huset eg skal besøke har folk.

Vegen går smal gjennom dalen. Forbi nedlagte gardar, eit stilt vatn med badeflåte, ein andefamilie som pløyer ein kvit V over flata. Forbi eit einsleg småbruk i drift, før han kjem til nok ein nedlagt gard. På marka ved elva beitar islandshestane fredeleg. Dei kastar på manen, held seg tett til kvarandre. Mor og dotter, nært knytte. Hunden er gul og spring fritt omkring. Ingen fleire bilar enn våre som vil kome her før i morgon, om ikkje framandfolk forvillar seg fram.

Stilla er fossen bak huset, fuglane i skogen, hestane på marka, sauane på beitet. Stilla er hunden som gøyr mellom fjell, ho er katten som strekker seg i geisp på gras.

Vi sit i hagen med fyr på grillen. Kvelden er lys som dag og heilt still. Så stilt er det ikkje ein gong på den vesle øya eg kjem frå. Samanlikna med dalen er der tett av hus på øya, overalt bur det folk, minst tre gonger i timen køyrer ein bil forbi huset. Høyrer vi bildur i dalen reiser vi oss halvt frå hagestolane. – Kven kan det vere? Eg synest eg høyrer ein bil?

Stilla er roande, vakker, heilande. Ho er stemmene våre, klimpringa på gitaren, smell frå kubbar, sprak frå eld.

Hunden freistar få med seg den yngste hesten i leik, eller katten, eller sauane, men det er ingen som bit på. Han set seg på plenen, glefsar etter knott og fluger, lyttar etter kvithala hjort i skogbrynet.

Stilla er fråflytta, nedlagt, utdøyande. Stilla er den norske landbrukspolitikken. Stilla er 58 øre kiloen frå slakteriet.

For venninna mi er det ikkje eit val. Denne dalen er ikkje berre ein dal for henne. Desse dyra er ikkje berre dyr, husa ikkje berre hus, fjella ikkje berre fjell, vatnet og elva ikkje berre slikt som flyt, som renn. Her kjenner ho kvar ein fjelltopp, kvart eit skar. Oppe ved fossen finst ein kulp til å svale seg i, oppe på fjellet eit fiskevatn ingen andre veit om. Kvar vår er det ho som tek imot dei nye lamma, kvar haust græt ho når slaktebilen fer. Her har ho vore heile sitt liv. Her kom ho som nyfødd, her tok ho sine første steg, her byrja ho bli vaksen, hit kjem ho alltid tilbake, ein dag forhåpentlegvis for godt.

Stilla er fråflytta gardar omgjorde til sommarhus. Stilla er svarte vindauge når hausten fell, avflakna maling, nedsigne gjerde, utrausande murar, overgrodde blomsterbed.

Før vi legg oss ser vi sola gå ned, skine opp fjelltoppane kring oss som gull. Eg legg meg med fred i hjartet, men også med ein kime av sorg. Denne dalen er ikkje den einaste. Overalt finst slike dalar, slike grender, slike øyer, slike bygder. Er det verkeleg så lett å gløyme? Alt det generasjonane før oss har kava for å bygge opp og odle fram. Med eit knips – det er gløymt?

Då vi kjem ut neste morgon er svaleungane klekte. Dei ørsmå egga deira ligg strødde nedom reira. Peikefingerstore, kalkkvite, med restar av raudt fostervatn på innsida. Vi legg dei tilbake der dei var. Ser svalene svisje ein runde over markene, vrikke halane inn i tronge reir.

Stilla er kjærleiken og idealismen til dei som blir att. Stilla er draumane som ligg att etter dei som gav tapt.


Laurdagsspalte i Nationen, 10. juli 2010. 

6 kommentarer:

Akeleiedamen sa...

jeg reiser hjem til mine foreldre og en slik stille fjord på feriebesøk i morgen. Tenker mye de samme tankene som deg om alle de som har slitt og strevd i generasjoner på disse plassene. og nå blir det mindre og mindre folk der, stillheten overtar, dalene gror igjen og blir amazonas-skoger.. Så vakkert du har skrevet om den stillheten. På en eller annen måte tror jeg disse stedene kommer til å vpkne til liv igjen.....fordi verden vil komme til å trenge de. tror jeg.

Aina Basso sa...

God tur, Akeleiedamen! Det er mykje å nyte ein slik stad, om ein berre gløymer litt det store perspektivet. Og det skal ein jo, på ferie! :)

Elin sa...

Utrolig vakkert - både dalen og artikkelen (essayet?)!

Det første som slo meg var hvor grønt det var. Og det slår meg hvor mye jeg savner skog. Her er det grått og glissent i forhold.

Aina Basso sa...

Ja, det kan bli veldig grønt. Både i dalar og på slike øyer som eg er frå. Men det må seiast at eg har manipulert det biletet der. Det var eigentleg ikkje så grønt.

Hilde sa...

Men dalen du skriv om er jo faktisk så grøn! <3

Aina Basso sa...

Jau, det har du jo rett i og veit du jo. Han er så grøn.