15. juli 2010

Eit liv før døden

Vi har lese om det så mange gonger før. Om døden, om korleis mennesket på sitt dødsleie byrjar sjå tilbake på livet og tenke at han kanskje ikkje har levd det slik han burde. Om korleis dødsangst vekslar med sorga over eit ulevd liv, eller eit liv ikkje levd til fulle, eller eit liv ikkje levd slik det kunne ha vore levd.

Døden har vi lese om før. Men er vi ikkje endå meir distanserte frå døden i dag enn vi nokon gong har vore? Dei fleste av oss ligg ikkje, som Ivan Iljitsj i Lev Tolstojs roman, i vår eigen heim på vårt siste. Dei fleste av oss har ikkje hatt eit nært og kjært menneske heime denne siste tida. Vi har sett det bort til andre. Dei sjuke, døyande ligg ikkje i sjukesenger i stover eller soverom i dei aller fleste tilfelle, dei ligg i profesjonaliserte senger, på profesjonaliserte rom, omgitt av profesjonelle livs- og dødshandtererar. Dei får medisinar og pleie, dei slepper smerte, dei - vi - døyr utanfor familiens pleie. Kanskje omgitt av familien, men oftast tekne hand om av andre. Familien får vere omsorgspersonar på det siste, utan å måtte gi fysisk pleie. Berre kjærleik, handa, ei støtte. Einast nokre få har ressursar til å velje dette annleis.
For dei fleste av oss er det eit utenkeleg val, særleg for dei av oss som ikkje er kjende med døden lenger, som aldri har sett han på nært hald, som ikkje veit korleis han artar seg.

Ivan Iljitsj' død (1886) er kanskje ikkje ei skilsetjande bok for det moderne mennesket, men det er likevel ei bok verd å lese, ei god bok, som skildrar dette spelet mellom den fysiske og den mentale smerten på slutten av eit liv, hos ein vellykka embetsmann på 45 år som ikkje er klar for å døy og som er omgitt meir av effektar for eit vellykka liv, enn av nære relasjonar til si familie og sine vennar.

Men det finst ei forsoning her, mellom dette livet han kanskje ikkje har levd skikkeleg og den føreståande døden:

"Døden er slutt," sa han til seg selv. "Det er ingen død mer." 
Enda en gang trakk han pusten, stanset på halvveien, strakte seg ut og døde. 

Ingen kommentarer: