24. juni 2010

Festspel, ferie og familie

Det er sommar på Sunnmøre. Det vil seie at det er omlag ti-femten grader. At det regnar i dag, men var sol i går. At det er knall grønt overalt kor vokster gror og knall blått overalt elles.

Eg har levert frå meg kommentarane til 1. korrekturen, teke til med Min kamp 5, som eg er blitt hekta på i likskap med dei førre banda, og funne omlag ti-femten minutt med tekst frå Fange 59. Taterpige som skal lesast opp på Dei nynorske festspela i Ørsta førstkomande laurdag klokka 11.30. Urpremiere, altså, og i eit svært passande lokale: Svendsen-huset i Ørsta sentrum, eit nydeleg, renovert, gammalt hus med ein koseleg kafé. Temaet til årets festspel passar jo òg ypperleg til mi bok. Det er nemleg 'Reise'. 

Dagane består elles av forsøk på å ha ferie, samver med familie og vennar, klapping av dyr av ymse rasar, lesing og soving. Noko vindrikking blir det vel, òg, i lyse netter med fuglesong overalt. Eg liker meg her ute. Kanskje blir eg ei stund. Denne sommaren er tida mi eiga. 

Foto: Privat. Ein liten sand heim på Gjerde. 

1 kommentar:

Gunhild sa...

Så deilig! Lykke til med urpremieren - og riktig god sommer :)