22. juni 2010

Ro

To hestar på bakken, går og nappar i seg av det høge graset, engsoleie, kløver, sukkertoppar, strå. To hundar ved beina, rett ut på golvet. Den eine enno litt våt i pelsen etter å ha rast i rein lukkerus ut i sjøen for nokre timar sidan, ligg og snorkar litt, gamle dama. Den andre sukkar no og då av tastaturklapringa mi, som han ikkje er van med, har flytta seg nokre gonger: frå beina mine til plassen mellom godstolen og bordet, til slutt framom kjøleskapet. Ligg her og pustar, magane som hevar seg så fint og jamt under ein svart og ein kvit pels. Den rauda løa eg ser frå stoveglaset, bak eit irrande grønt tre, så grønt det berre blir her oppe i nord. Stilla. Kjøleskapet som durer lågt. Her må ein vel få til å skrive eitkvart.

1 kommentar:

Elisabeth sa...

Du får det til å høres helt fantastisk ut! Kjenner jeg blir rolig her jeg sitter selv.