29. mars 2010

Påsk

Det har snødd igjen. Soverommet var kaldt då eg vakna, markene kvitstrekte utanfor. Sjølv er eg forkjølt, det var våren eg ville kome heim til, ikkje vinteren.

Dagen tilbringer eg inne. Eg har sendt frå meg opplegg til skuleturné i Osloskulen til hausten og valt ut fem sider niandeklassingane skal lese frå Ingen må vite. Snart skal eg returnere til sofaen og bind 4 av Min kamp (Karl Ove Knausgård, for dei som ikkje er oppdaterte). Eg blei hekta denne gongen, òg. Eg trur aldri eg er blitt så godt kjent med ein karakter før. Betre kjent er ein berre med seg sjølv.

Eg skal også kike endå ein gong på manuset i løpet av dagen. Eg har daudlinje over påske, for meg sjølv har eg sett fristen til 2. påskedag, slik at redaktøren har manuset i hende når han kjem på kontoret tysdag morgon. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har gått gjennom den same teksten, no, for å finpusse, utvide eller stryke, men det er mange. Så mange at eg merkar at eg kan nokre av scenene utanåt og må tvinge meg sjølv til å finlese dei berre éin gong til, for å vere sikker på at dei er slik eg vil ha dei, så gode som eg klarer å få dei på eiga hand.

Eg har altså ikkje meir ferie enn eg vanlegvis har. Livet består av like delar arbeid og fritid, fullstendig ustrukturert tvinna inn i kvarandre etter behovs- og inspirasjonsprinsippet. Eg skriv like gjerne halvdaud av trøyttleik i senga klokka to om natta, som ved skrivebordet morgonen etter, sjølv om det blir mest med notata så seint på natt.

No gler eg meg til å bli ferdig med dette manuset, så eg kan fortsetje på ungdomsromanen eg freistar skrive ved sidan av. Eg er komen halvvegs og trur eg byrjar vite litt meir om korleis det heile skal bli. Håper eg får det til å losne over sommaren. Og så har eg tre tekstar som må vere ferdige til 13. april. To avisspalter og ein kåseriaktig tekst i høve 150-årsjubileet til Anders Hovden (diktarpresten frå Ørsta, som m.a. har skrive teksten til Fagert er landet).
Men først litt meir Knausgård.

4 kommentarer:

heklehatt leser sa...

høres ut som fine dager!

Aina Basso sa...

Ja, det er det! Trass i forkjøling.
Håper det same gjeld deg og din vesle gjeng :)

Mette Moen Baatvik sa...

Mmm, ord ... tilsliping av diamantorda. Tippar det er krevande, men tilfredsstillande. Lykke til, og god påske!

Aina Basso sa...

Takk og god påske til deg, òg!