19. mai 2009

Tid for tog

Uansett kor eg skal og korfor, liker eg best å reise dit med tog. Det skulle gått tog overalt.

Denne helga får eg atter nyte godt av ein togtur av middels lengde. Eg har kjøpt ein oppgradert komfort-billett og gler meg allereie til reisa.
Til å stå opp altfor tidleg om morgonen for å ta det første toget.
Til å ete frukost nummer to i ro og mak i eit stort, komfortabelt sete med klappbord og god plass til føtene.
Til å ta ein kaffi, lese avisa, kike ut av vindauget.
Og gli.
Ut av byen, endå lenger ut av byen, oppover fjellet, over fjellet, ned dit fjordane byrjar. Kanskje ser eg ein moskus.
Til å lene meg tilbake, sakte slumre inn til musikken på øyret.
Til å vakne igjen og lese i boka eg har vald ut nett til dette høvet. Kva for ei bok blir det?
Til å skrive litt i den raude skriveboka med harde permar, linjerte sider og spiralinnbinding eg endeleg har evna å skaffe meg.
Og litt til å kome fram.

Men tilbake til boka.
Som de veit legg eg mi ære i å velje ut nett riktig bok til slike høve. Noko eg har lyst til å lese, akkurat no, og som passar i ei veske eller ein sekk. Helst noko under 300 sider (men det er ikkje eit absolutt krav). Denne gongen var det første som slo meg at eg kunne ta med desse bøkene:
Frederick Metcalfe: På reise i Norge. Fra Christiania til Vadsø i 1845-55 og Margit Walsø: Kjære Voltaire

Begge av dei same to grunnane: Fordi eg har lyst til å lese dei og fordi dei er historiske tekstar og dermed kan gjere nytte som inspirasjon og research. Nokre andre bøker har eg ikkje kome på enno. Så då blir det vel desse, då? Om ikkje lynet plutseleg slår ned ein heilt annan stad?

4 kommentarer:

caterina sa...

åååå. jeg er ikke så glad i tog, men nå fikk du meg til å glede meg til turen til lillehammer om en uke. og tro det eller ei: jeg har med en liten roman, på under 300 sider, skrevet av en forfatter hvis etternavn betyr "lav" på italiensk ... hehe.

Aina Basso sa...

Hoho! Ja, den romanen skal du ikkje sjå vekk frå at du klarer å lese ut på turen frå Oslo til Lillehammer! :)

Elin sa...

Gleder meg til å finne ut hva du synes om Kjære Voltaire, altså! :-D

Aina Basso sa...

Har du lese ho, Elin? Kva syntest du i så fall?