19. mai 2009

Manglande stormannsgalskap

Eit førebilete for oss alle
Etter at Brit Bildøen heldt føredrag på Litteraturhuset om ulike forfattartypar, ut ifrå den nye essaysamlinga si Litterær salong, var det fleire av mine medforfattarar som kjente seg treft av kategorien stormannsgalskap, som ifølgje Bildøen særleg hefta ved Gertrude Stein. Ein bør visst ha ein snev av stormannsgalskap for å skrive verkeleg gode bøker.

Men har eg det?
Akkurat no er eg ikkje sikker. Eg har ein stor idé som eg freistar gjere så liten eg kan. Så liten at han nesten forsvinn, faktisk. I staden for å gjere det beste og meste ut av han, vil eg gjere han minst muleg. Det er bra ein har redaktørar med meiningar.
Eg skuldar på debutant-audmjuka.

10 kommentarer:

caterina sa...

jeg går fra stormannsgalskap via skamløshet til forsvinning. opp og ned, med andre ord. noen ganger er det så jeg har lyst til å bli usynlig. jeg trekker veksler på alle typene og håper at det resulterer i tekstlige godbiter. (det var stormannsgalskapen ... ) :D

Aina Basso sa...

I dag, til dømes, har eg det eg berre kan kalle ei eksistensiell skrivekrise. Eg veit rett og slett ikkje kva eg vil. Kva eg kan gjere er ei anna sak. Det er kva eg verkeleg vil gjere som er problemet.

caterina sa...

hva du vil med teksten eller hva du vil i verden?

Aina Basso sa...

Kva eg vil med denne teksten, tekstar som skal kome, skrivinga, forfattarskapen! Av ein eller annan grunn kjennest det viktig å gjere det rette denne gongen. Eg er redd for å hamne på feil veg, på ein måte. Skjøner?

Anonym sa...

Når jeg så dette bildet var jeg helt sikker på at innlegget handlet om Døren av Magda Szabó. Snakke om å treffe mitt bildet jeg har i mitt indre øye :)

caterina sa...

hele pakka, altså. nå er ikke jeg deg, og du er ikke meg, men jeg har spurt meg selv det samme mange ganger. du vet det inni hjertet ditt. du må bare våge å stole på det, uansett hva det sier deg. klisjé? kanskje. men ikke desto mindre sant.
dessuten; du brenner ikke alle broene i verden om du satser dette det neste året. eller?
tror vi må ta den der over et glass vin på lillehammer, altså.

Aina Basso sa...

Det er heldigvis betre i dag. Eg blei liggande og tenke ut ei ny og viktig scene i natt, som eg skreiv ei skisse til, og kvar gong slikt skjer er det som om presset letnar. Skjøner? Det er ein kamp, dette her. Puh.

Men å ta det heile over eit glas vin høyrest fint ut! Det vil nok kome og gå ei stund enno.

caterina sa...

det er magisk når sånt skjer! det som er enda mer magisk, er at akkurat det samme skjedde meg også. jeg har sittet og trykket noen dager med en scene helt uten schwung. diskuterte med mann som problematiserte og presset meg litt. og vips! nye scener, nye vinklinger og en ny vei å utforske. det er et slit, men det er også veldig morsomt når ting løsner. magi.

så vinglasset. lillehammer. enkelt og greit.

Aina Basso sa...

Så bra, Caterina!
Så *klink* - ein virtuell skål for oss - enn så lenge!

(Det einaste som ikkje er så magisk er at slikt plar skje når eg streng teke heller burde fått søvn fordi eg skal tidleg opp og på jobb dagen etter. Jaja. Slike er det berre, slik har det alltid vore.)

caterina sa...

klink tilbake. enn så lenge.

men det vil ikke alltid være slik ... :)