13. mai 2009

Å lese dikt

I går fekk eg to diktsamlingar i posten. Begge er skrivne av ålesundspoet og medisinar Jon Ståle Ritland. Den første, Kroppsvisitasjoner, kom i 2004 og den andre, Vannmerker, er ny av året. Eg har knapt fått bladd i dei, men las fort gjennom dei første dikta for å danne meg eit inntrykk av kva dette er.

Det er to måtar å lese dikt på. Ein kan lese dei fort og ein kan lese dei sakte. Generelt sett er vel poenget at ein skal lese dei sakte, ettertenksamt. Men eg liker å lese dei fort. Først fort. Så sakte. Nokre saktare enn andre. Nokre veldig sakte og veldig mange gongar.

Nokre diktsamlingar er meir interessante enn andre. Nokre fengar meir enn andre. Det er særleg når eg les heilt nye forfattarar at eg byrjar med å lese dikta fort. Så finn eg ut om det er eitt eller helst fleire dikt som fengar meir enn andre, og stansar opp der. Girar ned.
Noko av det fine med gode dikt er at ein kan lese dei igjen og igjen og oppdage nye ting kvar gong. Eg har enno til gode å lese omigjen eit dikt eg liker utan å få noko nytt ut av det.

Og no står altså Jon Ståle Ritland for tur. Eg kjem nærare tilbake til han om ei stund.

2 kommentarer:

Bai sa...

Eg liker å lese gode dikt sakte, fleire gonger. Også liker eg å lese dei høgt, og lytte etter lydane.

Aina Basso sa...

Det høyrest fint ut. Men liker du det med alle dikt?