10. mars 2009

Ragnar Hovland sveiv over vatna

omlag slik
På vidaregåande hadde eg ein periode med religiøs vekking.
Det vil seie: eg prøvde å vekke meg sjølv, religiøst, og måten å gjere det på var mellom anna å byrje å lese Bibelen frå starten.

Eg hadde ikkje kome langt, før eg hengte meg fullstendig opp i ei nydeleg og poetisk setning:

Og Guds ande sveiv over vatna.

Eg såg føre meg desse stille, endelause, nyskapte vatna.
Himmel over, sol, landet enno overfløymd. Og denne anden som sveiv over dei.

Men ganske snart stoppa lesinga opp. Det byrja bli mange namn å halde greie på, folk levde i hundrer av år, og ja, eg kom meg ikkje særleg langt ut i Mosebøkene.

Men i dag byrja eg lese Sveve over vatna av Ragnar Hovland.
Grunnen til at eg beit meg merke i tittelen i si tid, var sjølvsagt dette første møtet med første Mosebok, på eiga hand.
Og så hadde eg jo treft Ragnar Hovland på Kaffistova, som de no veit. Med bart og donaldklokke, noko som gjorde eit nært sagt uutsletteleg inntrykk på eit ungt og mottakeleg sinn.

Likevel skulle det ta 12 år før eg plukka opp denne boka og byrja lese. Og for ein lesefest, for å sitere Anne B. Ragde si melding av Labyrinten av Kate Mosse (ei fabelaktig dritbok, som ikkje bør samanliknast med Sveve over vatna på nokon som helst slags måte). Her er det pønsjlain på pønsjlain. Den første sida flira eg ikkje noko av. Den neste flira eg litt av. Og dei etter det flira eg stort sett av heile tida.

Som dette her, til dømes. Klassisk Hovland:

Det var ein fyr som hadde sagt til meg: Kvifor begynner du ikkje på universitetet? Der kan du gå i år etter år og likevel ikkje bli til noko når du er ferdig.

Det var det som gjorde utslaget for meg. Eg måtte finne på noko å gjere, det var greit, men bli til noko ville eg ikkje. Eg var ein type full av sjølvrespekt.

Eg elskar når folk tullar litt med universitetet.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har bite emg merke i at Odd W Surén driv og påpeikar at Ragnar hovland alltid gjer ein god figur. Kvifor gjer han eigentleg det+ Kva er det med denne litt stille, vakre, høge mannen, som røyker sigar og ser litt lost ut i lufta i Oslo-natta mens alle damene skvaldrar rundt han (damer skvaldrar ikkje vanlegvis, eg er ikkje slik som meiner at menn er kloke og kvinner er skvaldrete, men Ragnar Hovland får kvinner til å bli litt tjatete, eller meg, han får meg til å bli litt tjatete, og kona ahns er litt tjatete, og alle kvinner blir det, når han står der), og så skjønar eg og meiner og er einig i at Ragnar hovland gjer ein god figur, og så tenker eg på bøkene hans, på alt det rare som må skje inne i hovudet hans der han står med dette (kan me seie firskårne?) andletet stirande tankefullt (ja, det er tankefullt, det MÅ det vere!) ut i Oslonatta, og så lurer eg på om han kanskje er den einaste mannen sidan Tatt av vinden som er i stand til å vere sexy med bart. Ikkje for det. han har vel ikkje bart no meir.

Aina Basso sa...

Nei, han har teke den no. Trur ikkje han har donaldklokke lenger, heller.

Bai sa...

Kan tipse om at Hovland er på Chateau Neuf i kveld kl. 20.00, dersom du vil høyre han snakke om arbeidet sitt.
Eg er desverre sjuk og får det ikkje med meg.

Aina Basso sa...

Eg fekk det heller ikkje med meg. Var på ei boklansering i staden. Men trøysta er at eg får høve til å høyre han både støtt og stadig sidan han ofte er svært underhaldande på Samlagsfestar (iallfall når han har bok, som han hadde i fjor).

Midifila sa...

Eg las Ei vinterreise for ikkje så lenge sia. Fin og rar og nær roman. Sveve over vatna står tungt i vindaugskarmen. Eg las dei same linjene som du, men flirte ikkje. Eg trur rett og slett at eg ikkje var heilt klar for boka då, men planen er å ta opp svevinga etter kvart.

Aina Basso sa...

Nei, det har jo med timing å gjere. Eg var VELDIG klar for denne no. Sist eg prøvde var skrifta for lita og boka for tjukk. Det handlar jo om meg, ikkje om boka.

Anonym sa...

Enig med deg. Morsom bok. Jeg var forresten på leit etter noe i bokhylla mi her om dagen - og gjett hva jeg fant. Utanfor sesongen av Ragnar Hovland. Mon tro hvor lenge den har stått og samlet støv? Snart skal den leses!

Aina Basso sa...

Den har eg ikkje lese! Du får kome tilbake med rapport når du har kome så langt.