11. mars 2009

Nedslåande epitaf

Jorid i Ord om annet skreiv i går om Amalie Skram og hennar romanserie Hellemyrsfolket. Eg har ikkje lese så veldig mykje av Skram sjølv, men eg hadde veldig sansen for henne på vidaregåande og Lucie gjorde eit sterkt inntrykk. Faktisk sit enno nokre av sinnbileta frå Lucie fast i meg, eg ser dei innimellom, men før denne augneblinken hugsa eg ikkje at det var Lucie dei var henta frå.

Men så til saka. Som ikkje er Amalie Skram i seg sjølv, men kvinnelege forfattarar og den nedvurderinga (eg seier ikkje vi, eg er ikkje der enno, og føler meg ikkje nedvurdert så langt - eg føler meg vel ikkje vurdert i særleg grad, verken oppvurdert eller nedvurdert, eigentleg, eg er jo så fersk i gamet) vi no har rundt 150 års tradisjon for her til lands.

Eg siktar sjølvsagt til diskusjonen Brit Bildøen har sett fart i med si nye bok Litterær salong, der ho tek føre seg nokre viktige, kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra. Bildøen påstår altså at vurderinga av litteratur føregår med maskuline briller på nasen, utifrå ein maskulin smak og tanke om kva som er god litteratur. I dette ligg at kvinner ofte blir sett på som om dei berre skriv om kvinnetema, at dei skriv kvinnelitteratur (dette vanskelege omgrepet som hadde sin funksjon på syttitalet, men som kanskje no snarare kjennest som ein møllestein om halsen for mange kvinnelege forfattarar), medan menn skriv universell litteratur, for alle, om dei store tema. Uansett kor små tema måtte vere.

Menn kan, seier Bildøen, som også er utdanna bibliotekar, gå eit heilt liv utan å lese ei einaste bok av ein kvinneleg forfattar. Motsett ser det ut til at kvinnelege forfattarar for å bli tekne seriøst tyr til å tilrå mannlege forfattarar når dei blir spurt om sine førebilete.

Men tilbake til Amalie Skram.
Og eg siterer Jorid i Ord om annet:

Amalie Skram (1846-1905) fikk sitt gjennombrudd med «Constance Ring» i 1885, og skrev siden også flere andre romaner der hun tok kvinnens stilling i samfunnet opp til debatt. Hun opplevde ikke å få anerkjennelse som forfatter i Norge og hun flyttet siden til Danmark. Hun følte seg så avvist her hjemme, at hun bestemte at det på gravstenen skulle stå følgende: Dansk borger, dansk undersaat og dansk forfatter.

Slik driv vi enno her til lands. Til Nordisk Råds litteraturpris er det i år nominert to kvinner frå Island, ei kvinne og ein mann frå Danmark og to menn frå Noreg. Av dei siste tjue nominerte frå Noreg har det einast vore tre kvinner, og det har aldri vore nominert meir enn ei kvinne i same år. Berre pass dykk, elles flyttar vi til Danmark heile gjengen. Eller kanskje til Island.
Og så skriv vi på gravsteinane våre:
Vi var norske forfattarar ein gong, men dei ville ikkje ha oss, fordi vi var kvinner.

Ingen kommentarer: